Brevandring

Brevandring på Tunsbergdalsbreen, ein av brearmane til Jostedalsbreen, og Norges lengste brearm.

Stegjern, isøks, sælar og tau må på før me tek til på brevandringa, og turen opp på isen. Me går langs djupe bresprekker og under høge istårn. Klårt brevatn kastar seg ut i fossefall, og forsvinn ned i blåisen.

Les meir »

Juving

Prøv deg på juving i elva Leirdøla, tett ved jostedalsbreen, innerst i Sognefjorden.

Utstyrt med våtdrakt, flytevest og hjelm tek me oss opp elvefaret med svømming og lett klating. Etter å ha teke oss opp fossefall og klipper er det på tide å forsere dei same utfordringane den andre vegen.
Me sklir ned fossefall, og hoppar frå klipper av ulik høgd.

Les meir »