
Brevandring
Brevandring innerst i Sognefjorden!
Brevandring på Tunsbergdalsbreen, ein av brearmane til Jostedalsbreen, og Norges lengste brearm.
Denne turen inn til ein avsideliggande del av Jostedalsbreen nasjonalpark passar for dei fleste. Etter båtturen fram brevatnet tek me beina fatt.
Stien frå vatnet mot breen går i lett terreng langs breelva.
Etter ein kort pause ved lavoen kryssar me grensa inn i Jostedalsbreen Nasjonalpark, og går det siste stykke fram til brekanten.
Stegjern, isøks, sælar og tau må på før me tek til på brevandringa, og turen opp på isen. Me går langs djupe bresprekker og under høge istårn. Klårt brevatn kastar seg ut i fossefall, og forsvinn ned i blåisen.
Me brukar ca 1,5 time til å utforska breen, og studere dei flotte formasjonane i isen. Tilbake i lavoen er det tid for å eta niste. Me kokar opp kaffi, og tek oss tid til å nyta naturen før me returnerar til båten.
Me har alt utstyr som trengs til brevandringa.
Brevandring Informasjon
Turen er i lett tereng, og passar for dei fleste.
Me har alt nødvendigt breutstyr.
Tid: 6-8 timar.
Aldersgrense: 10 år.
Ta med:
- Varme klede
- Mat og drikke
- Gode sko
- Kamera
Pris: 750,-nok pr person
Galleri
Alle brevandringbilete 
