Velkomen til Leirdalen Bre og Juv!
Me tilbyr brevandring, juvvandring, fisking
og fjellturar i Sognefjord regionen, mellom
dei to nasjonalparkane Jostedalsbreen og Jotunheimen.
Med aktivitetar som brevandring på Jostedalsbreen,
juvvandring og juving i Leirdøla, fiske i brevatnet i
Tunsbergdalen, og fjellturar i og rundt Jostedalsbreen nasjonalpark, har Leirdalen Bre og Juv aktivitetar som
passar for heile familien.
Frå basen vår i Leirdal, ein sidedal til Jostedalen, innerst i Sognefjorden tek me små grupper med inn i avsidesliggande brelandskap i og rundt Jostedalsbreen nasjonalpark.
Leirdal – Mellom fjell, fjord og bre.
Innerst i Sognefjorden, der fjorden møter fjella frå Jotunheimen
og isen frå Jostedalsbreen, ligg fjellbygda Leirdal. Her inne
mellom isbre og fjell har lokalbefolkninga livnært seg av
jordbruk, jakt og fiske sidan tidleg på 1800 tallet.No til dags
er det 5 gardar som fortsatt vert drivne, men gjerne i
tillegg til anna arbeid utanfor bygda.
|
|

.JPG)

|