FjellturJuvvandringBrevandringFjellfiskeFamiliejuving

Fjellfiske under Jostedalsbreen, like ved Sognefjorden!

Fiske etter fjellaure ved breen.

Bli med lokalbefolkinga på fisketur i det oppdemte Tunsbergdalsvatnet. Dette gode fiskevatnet ligg mellom høge fjell, tett under Jostedalsbreen. Vatnet her er sjelden over 10 grader, men likevel er her eit yrande fiskeliv, med fin fjellaure frå 300 gram til over kiloen. Sjansen for å få fisk er svært stor.

Dette er ein fisketur i vill og spektakulær natur. På begge sider av dalen stig fjella 1000 meter opp. Toppane er dekka med snø, mens fjellsidene er grøne og frodige. Ned dei stupbratte fjellsidene kastar kvite skummande elvar seg ut i brusande, høge fossefall, og der fossane når vatnet går me i land for å prøve fiskelykka.Me held utstyr, men ta kontakt dersom du har spesielle ønsker.
Fjellfiske i Tunsbergdalsvatnet
Fjellauren fanga i brevatnet

Fjellfiske etter aure

 

Informasjon

Tid: 3 timar

Ta med:
- Varme klede
- Kamera og godt humør.

Pris: 500,- per person
(min 2 stk)


For bestilling og andre spørsmål nyttar du kontaktinformasjonen under eller kontakt-sida.