
Om Oss
Basert på Norsk turtradisjon og med god lokalkunskap tek dei lokale guidane i Leirdalen Bre og Juv deg med på tur i dei avsidesliggande området rundt Leirdalen, og Jostedalsbreen Nasjonalpark.
Med turalternativ som juvvandring med våtdrakt og hjelm og bretur på Norges lengste brearm, har me tilbod som passar til turfølgjer i alle aldrar, med forskjellige ønskjer.
Ved å ta med små grupper på tur i eit område der ein sjeldan møter andre folk, blir det ein intim og personleg stemning i gruppa, der guiden har god tid til å imøtekomme kvar og ein turdeltakar sine spørsmål og behov.
Våre lokale guidar er godt kjendt i området dei guidar i, og har god kunnskap til den lokale historien rundt området. Dei er kursa i føring og førstehjelp. Alle desse faktorane er med på å gje deg og ditt turfølgje ein flott, minnerik og trygg tur.


Alle brevandringbilete